festiválailbmi / festivalstemning

foto: marius langstrand

foto: marius langstrand

teikn på at márkomeannu nærmar seg:

1. SK2013 betyr ikkje lengre sommerkroppen2013, men sommarkofta2013

2. eg sjekkar langtidsvarselet hyppig for å sjå korleis vêrutsiktene er

3. e-post-innboksen min fyller seg opp med 14 mailar på ein time, og alle handlar om markedsbodar og selgjarar

4. eg møter produsent ellen på kafé i harstad og ho gjer meg produksjonsplanar og informasjon om ansvaret mitt

5. eg tenker ut snedige og smarte og velovervegde ting eg kan seie til favorittartistane mine om eg møter dei (og stresser for at eg sekkert berre kjem til å stotre fram «eh æ like musikken din skikkelig godt» uansett)

6. mimrar tilbake til fjoråret og prøvar å hugse om det var redbull eller trippel espresso iskaffe som funka best for å halde meg vaken heile natta

7. márkomeannu-plakatar ser eg overalt – på eide handel i tromsø, på ein nedlagt butikk i bjerkvik, ved mor mi sin jobb i harstad, i leiligheita vi bur i
8. eg tenker på (/fantaserer om) reinburgeren frå grillen i tide og utide (men finst det eigentleg «utide» for å  tenke på (les: fantasere om) reinburger?)

9. årets márkomeannu-artistar blir stadig oftare spelt på spotify, wimp og youtube. eg skal vere klar for nokre herlege konsertar! dessverre er ikkje alle årets artistar å finne på desse tenestane, men fleire artistar som tidlegare har stått på scena vår finst på spotify. derfor har eg laga ei speleliste, som du også kan få abonnere på, så du er klar for festivalstart! den kan du høyre mens du syr sommarkofta di, når du sitt på jobb og teller dagar til du endeleg får ferie, når du sitt i bilen på veg til márkomeannu eller kanskje når du skal trekke til deg beibs eller boyz på festivalcampen?
her er ho i alle fall: festiválailbmi / festivalstemning

Legg igjen en kommentar