Av og til er det dei små orda som betyr noko. Dei små orda og alt som ligg bak, dei små orda som sender deg ut i ei verd av assosiasjonar, samanhengar og tolkingar. Bak ordet «same» ligg det sikkert hundrevis av nye ord, avhengig av kven du spør. Bak ordet «feminisme» ligg det nok vel så mange. Spør du meg kva feminisme er, er svaret det som blir skissert i bildet over: Feminism is cool – feminisme er kult. Slik har det vore sidan eg var omtrent elleve og las boka «Halve himmelen er vår», ein slags feministisk guide til korleis vere ung jente i ein til tider trøblate verd. Verdt å lese for alle som lurer på korfor likestilling er viktig, og for alle som treng å forstå at å vere feminist ikkje betyr at nokon skal ha fleire rettar enn andre, berre at ein skal ha akkurat dei same, uansett kva for eit kjønn ein er.
Årets Márkomeannu-plakat får feministen i meg til å juble av glede. Jenta på plakaten er sterk, ho rullar opp ermet, ho seier «det her klarar vi» og «vi er på same lag». Ho viser koftekledde musklar og er fandenivoldsk og er slik eg vil vere. Ho er ei eg vil identifisere meg med. Ho er den samiske feministen. Men på Márkomeannu finn du ikkje berre denne kule plakatdama, du finn også dei tøffe chicksa nedanfor.
Foto: Monika Olsby
Elise og Monika er dei kulaste ungdommane eg veit om. Dei er tøffare enn toget, dei smilar alltid og er mykje tøffare når det kjem til koftebruk enn eg nokon gong vil bli, og kjem sikkert til å ta over heile Márkomeannu ein vakker dag.
Foto: Marius Langstrand
Lovisa Negga er ein av mine favorittartistar frå Sápmi, ja, kanskje ein av mine favorittar frå uansett kor i verda når eg tenkar meg om, og tok Márkomeannu med storm ifjor. Ei utstråling som ho har på scena skal ein leite lenge etter, i tillegg til at musikken er sjukt kick ass. Dessutan er ho ei aktiv stemme når det kjem til spørsmål om identitet, kjønn og likestilling. Rett og slett ein ekte helt!
Foto: Marita Eilertsen
Og så, mine favorittar. Jenter som dansar fordi dei må, fordi dei ikkje kan vere i ro, fordi det ikkje er eit alternativ å ikkje gjere det. På scena, framfor scena, backstage, i dokø, i grillmatkø, på sletta, i lavvuen, på festival, heime. I kofte, i fleecegenser, i finkjole, i høgtliva jeans. Med venar, med gutar, med hen dei er kär i, eller berre heilt aleine. Fordi hjartet bankar, blodet brusar og fordi halve himmelen er vår, fordi heile dansegolvet er vårt.