om dagen i dag

Image

sjøl om det er først i dag det skjer, har du byrja lenge før. du har tenkt på kva du skal gjere, kva du skal seie, kven du skal vere saman med. du har lagt planar på facebook for kor du skal ete middag og sjekka nettbanken fleire gonger for å sjekke om du kan drikke øl til maten. du har sjekka «attending»-lista og blitt varm i magen over at du på denne dagen skal spise middag med så mange inn i beinmargen flotte folk.

du har tenkt på kor høgt du skal flire og kor glad du skal vere i magen, tenke på alle somarfuglane som finst der inne den dagen, kor spennande det er, korleis du for ein dag blir ei lita jente, sjølv om du når alt kjem til alt også føler deg ganske vaksen den dagen. du har tatt eit val, sagt «dette er meg, dette er fortida vår, dette er framtida vår, dette er det vi kjem ifrå, dette er det vi skal bli», om ikkje høgt til andre, så i alle fall til deg sjølv. det er eitt år sidan du såg han i auga og sa ja da far din spurte om de hadde fått ein same i familien. det er ikkje meir enn tre månadar sidan du i all offentlegheit uttalte «romsa» feil og du skjemst enno, som eit spark i magen som seier at kanskje høyrer du ikkje til her allikavel.

men i dag skal du høyre til, uansett kva val generasjonane før deg har tatt, uansett kva dei gamle kampsamane seier til deg om uttala di, uansett om du spis reinkjøtt eller indisk, om du er ung eller gamal, frå indre finnmark eller den ytterste ø. du skal slå på nrkp3 og høyre at dei spelar musikken vår, på våre språk, den her gongen fungerte det å aksjonere på internett. og du skal tenke «våre språk», for i dag høyrer du til, det handlar om meir enn berre strømpebuksefarge og å låne sjal frå klassevenninna, det handlar om å strekke ut hendene og føle at nokon tar tak i dei og tar deg til seg og du tenker «det er vi, det er oss».

uansett kor du er i dag, kven du er og kva du gjer med dagen din: lihkku beivviin!

1 tanke på “om dagen i dag

Legg igjen en kommentar