om å vere flink til noko

eg har så lenge eg kan hugse vore ei flink jente. å vere ei flink jente er bra, fordi flinke jenter er stort sett snille og greie å ha med å gjere, dei får gode karakterar på skolen og gjer ikkje noko galt så nokon andre ser det. men flinke jenter er liksom litt kjedelege, litt stive, dei er flinke når dei er på skulen og når dei snakkar med gamle damer på butikken, mens dei stjålent ser bort på dei kule jentene som plukkar med seg øl og snus på veg til kassa. flinke jenter vil også vere kule.
og sjølvsagt kan flinke jenter også vere kule, men det er lett å gløyme. flinke jenter kan også bere stein og seie kva som er bra musikk og ta i eit tak. flinke jenter kan også vere med på å lage festival.

på denne bloggen vil vi som skriv gjere det som skal til for å framstille det å arrangere ein festival som eit artig og utfordrande prosjekt – og det er det heilt klart. men når ein skal vere ein del av dei som arrangerer festivalen, gjeld det også å finne sin del i det heile. staben har bruk for ulike ressursar og ressurspersonar, som til dømes ein som er god på økonomi, ein som er god på presse, ein språkkyndig, ein produsent, og så vidare. forskjellige folk er flinke på forskjellige ting. mitt problem har til no vore å prøve å finne ut kva denne flinke jenta er flink til i festivalsamanheng. det nyttar liksom ikkje å ha landsrekord i hurtiglesing frå barneskulen eller gode karakterar i studentweben. det at eg er så og seie praktisk analfabet er heller ikkje noko eg kjem langt med, sjølv om eg kan bere stein, så er det ein del meir enn berre den steinberinga som skal gjerast før vi kan seie klar-ferdig-gå! på festivalområdet.

heldigvis er eg ikkje den einaste ikkje-praktikaren, og heldigvis er eg ærleg om det, og veit sjølv kor eg kjem til kort. og kanskje gjer læring meister, slik at det eg ikkje fikk så godt til i fjor, kan eg kanskje gjere betre i år. for denne flinke jenta har det i alle fall vore ei utfordring å la det eg er flink til ligge igjen heime før festivalarbeidet startar og freiste å finne min plass utan det eg vanlegvis er flink til. også prøver eg heller å vere pittelitt kul jente dei dagane festivalen varar, med vekslande hell.

 men det er ikkje heilt sant at eg legg alt eg er flink til igjen heime. eg er nemlig flink til å vere snill og hyggeleg og til å flire skikkeleg høgt utan å vere redd for at nokon andre skal sjå stygt på meg. og nokon må vere flink til det også, ellers blir det ganske smerteleg å vere på festival. Så det er ikkje heilt grått, altså.

3 tanker på “om å vere flink til noko

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s