tre råd til ein ung same som skal ut på festival

kanskje er det du som får sitje i graset og flørte i år? foto: marius langstrand

så er den her igjen. sommaren, som for deg som les, forhåpentlegvis er einstydande med festivalsommaren, ligg framfor dine føter. kanskje er du ein ung og singel same, klar for dra ut for å sjekke kva som finst der ute i sápmi, og da er det berre eitt sted å dra: márkomeannu, såklart. eg skal ikkje døme deg om du er meir interessert i dei fine jentene eller dei kjekke gutane enn musikken som blir spelt på scena. noko av det finaste som finst med heile sommaren er jo å finne ein festivalflørt. og som den gode mor hubro eg er, vil eg gjerne skjenke deg som skal ut på festival tre råd som garantert vil sikre deg festivalflørtings.

råd éin: sjekk ut terrenget!

start med å finne ut kva du vil gå for. ei søt koftekledd jente eller ei tøff ei med luhkka og converse? ein glad gut som dansar eller ein mystisk som røyker bak lydbua? her gjeld det å sjekke ut kva for mulegheiter du har og bruke det for kva det er verdt. så er det berre å legge inn støtet. spør ho søte i kofte om ho vil vere med på «kärleksdisko» eller ta med deg røykeguten på pils og poesi. programmet er din beste ven.

råd to: ha kulturen på di side!
her er det berre fantasien som sett grenser. sy di eiga blingbling-kofte, lag ditt eiget paljettbelte, lær deg å joike, lær deg å danse sydis, du har enno halvanna månad på deg! om du er av den bedagelege typen eller rett og slett ikkje har det i deg å setje igang med desse prosjekta, kan du alltids lære inn nokre ord og frasar som kan bli nyttige. kva med «lean bourre dutnje/lijkkuv dunji/datneste domtoem/eg følar for deg»? det må jo berre bli suksess og napp i snøret av slikt!

råd tre: smil!
dette må vere det mest brukte rådet til single sidan antikken. alle menneske har fått ein gave, og det er munnen. med den kan du spise reinburger og klappekake, du kan synge med på «Kärlek eller innbilning», du kan spørje folka på markedet kva det kostar for silkesjalet, og du kan smile av hjartets lyst! (og om du spelar korta dine rett, kan du nok få bruke munnen til andre ting også, som til dømes klining.) det viktigaste er å ha eit naturleg smil, og bruke det med fornuft. om du går rundt og glisar bredt heile tida, sender du fort ut feil signal og folk kan tru du er ein robot. og kven vil vel kline med ein robot?

se så, no er du rusta! om du brukar disse tre råda, bør du vere så godt som garantert napp. da er det berre for meg å ønske lykke til, og å oppfordre om å bruke hovudet så vel som hjartet i din jakt på årets festivalflørt!

(og dersom ingen av disse råda skulle funke, kan eg gi deg ein siste utveg, som viste seg å vere svært nyttig da mine venninner var på roskilde-festivalen: vel deg ut ei bygd eller ein kommune du veit dei hotte gutane/dei fine jentene kjem ifrå, gå ned på campen og rop ut namnet på bygda eller kommunen. du får garantert napp! eg såg i alle fall ikkje venninnene mine særleg mykje meir den veka roskilde varte etter at dei hadde gått rundt på campen og ropt ut «SORTLAND! SORTLAND!» verdt eit forsøk.)

3 tanker på “tre råd til ein ung same som skal ut på festival

  1. Tilbaketråkk: “Det der forbanna sametullet” | GULAK gus buzza?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s