frå korpsuniform til kofte


(koftebagasje som skal med heim til harstad)

17.mai har så lenge eg kan hugse vore ein dag eg har lengta etter og sett fram til. 17.mai har alltid vore ein dag for nye klede. ein dag å vente på, for da skal ein få bruke den nye kjolen, dei nye skoa, den nye jakka. kvar kveld ser du inn i klesskapet ditt for å passe på at den nye kjolen enno heng der, klar til å tas i bruk, kvar morgon veit du at du er ein dag nærmare å kle han på deg. ein 17.mai eg hugsar betre enn alle andre 17.mai-ar, var da eg gjekk i sjuande klasse og for første gong på mange år skulle eg få velje sjølv kva eg skulle ha på meg på norge sin bursdag. åra før hadde eg vassa rundt i korpsdress eller speidaruniform. dette året skulle eg få velje sjølv, og flaks som den tolvårige eg hadde, var det brannskadesalg på SOLO på bysenteret i harstad og eg fikk kjøpe mi første miss sixty-bukse, med visse om at eg ikkje fikk bruke ho før 17.mai. på bilde frå den dagen står eg der i dongeribukse og tøff jakke med flagg i handa med ei mine som ropar ut at eg snart er ferdig på barneskulen. snart ligg verda for mine føter, og på dei føtene sitt eit par skatesko.

og så: 17.mai 2011. eg sit i cuba-parken i oslo og forbannar meg sjølv som ikkje har pynta meg meir på denne dagen eg elskar så mykje. sant nok har eg kledd meg i kjole og pensko, men synet av dei tusen bunadane og draktene og, vips, dei fine, blå aust-finnmark-koftene, får den sekstitalsinspirerte meg til å sjå ut som ein lasaron. og meir enn nokon gong skjønner eg kor lyst eg har på kofte. kor fint det er å pynte seg på den aller finaste måten på ein av dei aller finaste dagane i året. neste 17.mai skal eg ha på meg kofte, koste kva det koste vil.

i motsetjing til mange av dei andre samejentene eg kjenner, har ikkje eg vakse opp i kofte. det finst ikkje barnebilder av meg i kofte, ikkje meg i kofte til konfirmasjonen, smilande under eit tre i takkekortet til fjern slekt, ingen minne om lyden av koftesølv som rislar når eg dansar med han som får magen min til å bli ein stad der sommarfuglar bor. men så, 6.februar i år, var plutseleg eg blitt koftebrukar. i morgon skal kofta nok ein gong på. for andre gong. enno er det heilt nytt. enno er eg ikkje heilt vant. for mange av dei andre samejentene, går det på automatikk når det kjem til kofte, slik ser det ut sett utanifrå. dei festar komagbånda perfekt, har fem ulike sjal å velje mellom, spør seg sjølv om dei skal ha på seg sølja frå konfirmasjonen eller den dei kjøpte på riddu, kler på seg den finaste drakta dei har og viser seg sjølv frå si vakraste side. om eg gjer det rett, skal eg få vere ei av dei.

å bli koftebrukar er ikkje berre å seie til seg sjølv og andre at no er eg meir eller mindre same. å bli koftebrukar er også å plutseleg bry seg om ting eg ikkje trudde eg hadde i meg å bry meg om, og å bruke time etter time på å runde internett på jakt etter søljer, etter sjal, etter inspirasjon, etter nokon som syr. eg har tenkt på kva for strømpebukser eg skal ha til, og om eg skal velje superundertøy, underkjole eller underskjørt. og så vil eg at alt skal vere rett. eit par bunadspoliti i slekta har skremt meg til å tenke at alt må vere rett, etter boka, og om det ikkje er det, blir ein uglesett, det er kroken på døra og melding med heim. dei jentene eg har snakka med dette om, seier at ein ikkje må tenke sånn, at kofta er eit levande plagg, at ein kan gjere akkurat som ein sjølv vil. og kanskje ein dag blir det slik at eg føler meg fri nok til å gjere akkurat som eg sjølv vil, men her og no vil eg berre ha alt rett. å eksperimentere med kofta no, i min spede start, blir litt som å skulle gå til frisøren for å få nokre lyse striper for første gong og så bli fortalt av frisøren at det går an å farge heile håret rosa. ein fin tanke, men kanskje ikkje det ein er klar for der og da.

koftestyret er eit tog som aldri stoppar. det kan aldri bli nok. eg kan ikkje få høyre andre sine meiningar ofte nok, kan ikkje få for mange tips, kan ikkje sy mange nok belte, kan ikkje snakke meg ferdig om fargesamansetningar og frynser. og om eg først har funnet alt som passar til den raude loppa-kofta mi, kan eg ta til å fantasere om sommarkofta eg berre lengtar etter å setje i gang med. om speilfløyelkofta. om prikkekofta. om Den Perfekte Kofta. koftetoget er eit tog som aldri sluttar, men 17.mai-toget er eit tog som skal løysast opp på torget i harstad. folk skal stille seg i gassballongkø, barn skal søle softis på den nye jakka, mødre skal leite etter sonene sine, ektemenn skal ta fram iphonen sin og ringe kona si, og eg, eg skal stå der, koftekledd midt blant alle dei som prøvar å finne kvarandre, og vite at eg har funnet meg sjølv. 17.mai 2012.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s