Hils på Sigrid

Hils på Sigrid. Harstadjenta som fant kjærligheten i marka, og ble forelsket i både marka og Márkomeannu!

Sigrid blei plutseleg med i staben i 2011 og var på Márkomeannu for første gong det same året. Ho har ingen spesifikke oppgåver eller titlar, men er ganske så god til å løfte tunge gjerdesteinar. Sigrid er frå Harstad og liker å sjå på seg sjølv som verdsborgar fordi ho har budd i Oslo og Paris. No bur ho i Tromsø saman med Sigbjørn og ein måse. Ho liker indiepop og jeans med høgt liv, og er veldig glad i nynorsk.

Kva tyder Márkomeannu for deg?
I fjor var altså første gongen eg var på Márkomeannu. Sjølv om eg ikkje hadde vore der før, hadde eg høyrt om Márkomeannu og hatt lyst til å dra, men det blei med tanken. Márkomeannu var ein ukjent og litt diffus festival eg ikkje kunne oppsøke utan vidare, og dessutan var det samiske noko framand, sjølv om eg hadde veldig lyst til å gå i kofte kvar 17. mai. No er Márkomeannu for meg dugnad, glede, latter og slit, og eg ivrar etter å komme igong, bere nokre steinar, spise nokre reinburgarar og trekke i kofta. Juli kan ikkje komme fort nok!

Kva er ditt beste Márkomeannu-augeblink?
1. I 2011 hadde Márkomeannu besøk frå russisk Sápmi som song og dansa, med liv og lyst, på åpninga av festivalen på torsdag. Den eine songen var så fengande at eg berre gikk rundt og nynna på den heile fredagen. På laurdagen høyrte eg den plutseleg igjen frå scena, og den satt igjen på hjernen. Fikk den ikkje ut. Song den heile tida. Kan enno sende melding til ei anna i staben med teksten «gjett kordan sang æ har på hjernen!» (Du kan høyre songen her frå 05:40). 2. Da eg fann ut at eg kunne få to reinkjøttburgarar på same tallerken i Grillen.

Kva er ditt hotteste reisemål i Sápmi?
Tre stalltips frå meg til deg: 1. Harstad i Festspill-veka. Ver i sentrum på dagtid, gå på konsert på kveldstid, ver ute heile natta, gå heim utan å vite kva tid natta sluttar og dagen tar til. 2. Lovika i Vesterålen, ei lita bygd som ligg som ein avstikker rett før Risøyhamn. Sabla bra skiføre om vinteren, og om sommaren kan ein bade i fjæra. Gode sjansar for å sjå oter. 3. Márkomeannu! Bra musikk, god mat, fine folk, og ei utsikt som gjer deg salig.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s